Velkommen til Sanitetskvinnene Sogn og Fjordane

Arbeidet for å opne N.K.S. Sogn og Fjordane sine heimesider på Internett er i gong!

Informasjonskontakter på kurs

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Informasjonsansvarleg i N.K.S. Sogn og Fjordane, Ingrid Hellwege Haveland, har vore i Oslo for å lære om heimesider på Internett. Kursansvarleg var Ole Skau Jakobsen, som til dagleg arbeider som informasjonansvarleg i N.K.S. Norge. Annfrid Slettvoll var og med på kurset, ho kjem frå N.K.S. Finnmark. Frå Hordaland møtte Grethe Windspoll. Vi fekk nok av utfordringar, både datamaskiner, elevar og læraren! Resultatet av ein kursdag ser du framføre deg her!

2007.10.14 Ytre Gulen sin basar på Byrknes

Flott resultat frå basaren!

Flott resultat frå basaren

Den årlege basaren til Ytre Gulen Sanitetslag vart avvikla på Byrknes søndag 14. oktober. Samfunnshuset vart raskt fylt opp av rause støttespelarar. Folk kosa seg med kaffi, kaker og sosialt samvær. Svært mange og flotte gevinstar gjorde at vi fekk god avkastning på både loddbok, rivelodd og tre åresal. Dei yngste deltakarane kunne jobbe med formingsaktivitetar i kjellaren. Det var veldig populært og ein god idé å dele med andre som arrangerer basar. Basaren varte i tre timar og gav eit kjempeflott resultat på kr. 42.637,-

Ei stor takk til alle som støtta oss!

Susanne Fonnes Larsen
Styremedlem i Ytre Gulen Sanitetslag

Bli medlem du også!

1decce35df009943152.jpg

 

Din lokalforening