Sanitetskvinnene inntok Strandebarm

Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) Hordaland hadde sitt fylkesårsmøte i Strandebarm 24.-25. Mai 2008, og cirka 50 engasjerte sanitetskvinner var samla for å ta del i organisasjonens framtid på fylkesårsmøtet i Strandebarm.

Samla har sanitetsforeningene i Hordaland bidratt med nær 717.000 kroner lokalt og 218.000

kroner til N.K.S.`s Fond til forskning og utvikling i løpet av 2007.

 

Utanom vanlege årsmøtesaker var «Organisasjonens framtid» tema på årsmøtet. Det var lagt opp til gruppearbeid der møtet skulle ta stilling til ulike forslag til vedtektsendringar og ellers koma med innspel til utforming av vegen vidare.

 

N.K.S. Hordaland er eigar av Voss DPS N.K.S. Bjørkeli, ein veldreven institusjon som gjev eit allmennpsykiatrisk tilbod i Voss sjukehusområde. Der er plass til 20 pasientar og i 2007 hadde dei 112 innleggingar.

 

I samanheng med rehabilitering av aktivitetshuset har mange foreningar bidratt med løyvingar, og sommar reiser sanitetskvinner rundt og sel lodd til inntekt for aktivitetshuset. Kvam Herad gav 7.500 kroner som går til rehabiliteringa på Bjørkeli.

 

Eit band danna av lokale unge gutar frå Mundheim spelte, til stor jubel blant damene. Dei unge gutane fekk danseføtene til å svinga seg.

 

Fylkesleiar Hild Berge frå Strandebarm gav etter fire år i vervet stafettpinnen vidare til Jeanne Nygård Jebsen, busett i Fana.

 

Det nye fylkesstyret vart då slik: Jeanne Nygård Jebsen frå Os Sanitetsforening, Mailen Børsheim frå Nore Neset sanitetsforening, Grethe Windspoll frå Litle-Sotra sanitetsforening, Aslaug Skjeldal frå Heimtrygd sanitetslag, Ellinor Brandtun frå Årås sanitetsforening og Ingunn Tefre frå Fyllingsdalen sanitetsforening

 

Styret for Voss DPS N.K.S. Bjørkeli vart: Ingebjørg Fjose frå Gullfjordungen sanitetslag, Aslaug Skjeldal frå Heimtrygd sanitetslag, Jeanne N. Jebsen som Fylkesleiar, Hild Berge frå Strandebarm sanitetslag og Helga Dregeli frå Voss sanitetslag. Dei tilsette har ein representant med vararepresentant.

Bli medlem du også!

1decce35df009943152.jpg

 

Din lokalforening