![]() |
| 3000 km skal tilbakeleggast for Kjersti, Ulvar og Kari som etter planen skal nå Lindesnes i midten av august. |
Søndag 17. juni trilla tre menneske om bord på norgåande hurtigrute. Dei gjekk i land i Honningsvåg og reiste vidare med buss til Nordkapp. Framfor dei ligg no nesten 3000 km og ventar. Du kan følgje turen deire på bloggen ”Nordkapp-Lindesnes".
Frå Nordkapp til Lindesnes på seks hjul
- Ideen til sykkelturen kom frå noko så daglegdags som ei langvarig argumentering om søppelposen. Kven skal gå ut med søpla, og når går ein ut med søpla, fortel Kjersti. – Det er ikkje lett for foreldre og barn å skape gode kvardagar i ”byheimar”, der barn i liten grad trengst for at dagane skal gå i hop. Korleis få til samhald, glede og gjensidig respekt når dei store fellesoppgåvene er nesten fråverande og all energi blir brukt på søppelposen? spør Kjersti.
Syklar seg til større fellesskap
For Kjersti og barna vart løysinga å sykle seg til eit betre fellesskap – på godt og vondt. Kva skjer når foreldre og barn saman utset seg for den mentale utfordringa det er å sykle ein slik distanse? Kan det oppstå eit samhald av ein annan type enn i kvardagen?
Det tok ikkje lang tid frå ideen blei til før ergometersykkelen var i hus. Dei laga seg treningstabellar, og har gjennom vinteren og våren ”konkurrert” om å sykle lengst per veke.
Samlar inn pengar til psykisk helse
Kjersti er svært oppteken av psykisk helse, og ikkje ukjend med sanitetskvinnenes arbeid. Mor hennar, Kari Kollbotn var fylkesleiar i N.K.S. Sogn og Fjordane i ei årrekkje, og ein pådrivar for å setje psykisk helse på dagsordenen, både i eige fylke og på handlingsplanen til Norske Kvinners Sanitetsforening.
- Denne sykkelturen har potensiale i seg å setje fokus på både den psykiske og fysiske sida av mennesket, og samtidig samle inn pengar til prosjekt for eldre, barn og unge innen psykisk helse, seier Kjersti, som i den anledning tok kontakt med N.K.S. for eit samarbeid.
Ønsker du gi eit bidrag til psykisk helse (prosjekter for barn, unge og eldre)?
Benytt bankgiro: 8101 17 86480
Har du lyst til å komme i kontakt med Kjersti?
Mobil: 92 68 81 27
Kjem Kjersti dit du bur?
Kjersti, Ulvar og Kari set seg på syklane på Nordkapp 19. juni. Turen går deretter til Alta - Tromsø - Senja -Andøya - Vesterålen
- Lofoten - Bodø - Nordlandskysten (kystriksveien rv 17) - Fosen - Orkanger - Kristinasnad - Molde - Ålesund - Breim i Nordfjord
- Førde - Lavik - Bergen - Stord - Stavanger - Egersund - Flekkefjord – Lindesnes (primo august).





