![]() |
| Illustrasjonsfoto: Annelise Jackbo |
Det har vore ei travel tid for mange sanitetsforeiningar under «Sanitetens veke», som er ei landsdekkjande aktivitets- og informasjonsveke for Norske Kvinners Sanitetsforening.
Elskar saniteteten
– Vi elskar saniteten fordi vi får så god mat, var tilbakemeldinga frå elevar ved Kjølsdalen skule til avia Fjordabladet.
Kjøsdalen sanitetsforeining serverte for 15 år på rad skulelunsj. Og ut ifrå tilbakemeldingane skulle ein tru det var hamburger
og pommes frites det gjekk i, men på bordet sto grove, heimelaga rundstykke, kvitost, brunost og leverpostei saman med frukt
og grønnsaker.
- Skal bruke den kvar dag
Det er ikkje berre sunn mat som gjeld når sanitetskvinner vitjar skular og barnehagar. Ein skal og vere budd på veg til og
frå skulen. Alle elevane på på 1. trinn ved Vesterøy skule i Vestfold fekk refleksvestar av Vesterøy sanitetsforeining. Og
førsteklassingane lova å bruke vestane kvar dag.





